Picture 4

Ei demokratisering av museumsforteljingar

Sahra Torsvik
Fjell festning/Museum Vest

ICOM sin 25. generalkonferanse var ein vakker og sanseleg oppleving. Det var ekstra hyggeleg å treffe, og bli kjend med museumskollegaer frå heile verda i slike omgjevnader. Programmet var også imponerande og vertskapet heilt strålande.

Picture 11

Fjell festning er ein del av det nasjonale museumsnettverket for demokrati og menneskerettar, og i det høve var det naturleg for meg å følgje FIHRM sine økter så godt som mogleg i det tettpakka programmet i Kyoto. FIHRM står for – Federation of International Human Rights Museum. Eg vil ta utgangspunkt i konferansen sin andre dag der overskrifta var «How museums say the unfathomable: Voices from former colonial terriories of Imperial Japan». Den japanske hæren sine krigsbrot er utgangspunkt for føredraga denne dagen, og me fekk høyre korleis fortellingar frå andre verdskrigen har blitt brukt politisk i musea, og fått utvikla seg til å bli einsidige, nasjonale narrativ.

Åpningsseremonien
Åpningsseremonien

Slaget om Okinawa – sivile forteljingar

Kaori Akiyama fortalde om eit av sine prosjekt der ho har arbeidd med munnleg historie frå slaget om Okinawa. Ho kunne fortelje at vanlegvis vart slike slag presentert ut frå eit militærstrategisk perspektiv, og ikkje det nære og menneskelege, slik hennar prosjekt var. Ho har brukt kvalitative intervju som metode for å få fram historia til både soldatar og sivile, med særleg fokus på dei sivile. Det som er nytt med eit slikt prosjekt er at dei sivile får kome til orde i musea, dei får fortelje sin historie og prosjektet er dermed med på skape ein demokratiseringsprosess for minnet etter dette kjende slaget. Bruken av sivile som skjold for den japanske hæren, og måten sivile fekk lide på har ikkje vore snakka om i Japan. Akiyama meinte difor at dette var viktig og ein god måte å sleppe fleire stemmer til i musea i Japan, og eit tydeleg brot på tidlegare praksis.

Unit 731

The black box for recording – ei museum dedikert til fortellinga om Unit 731. Ru Liu fortalde om eit nytt museumsbygg som er planlagt på staden der leiren til Unit 731 opererte. «It represents a truth-recording container, which will disclose all the truth once being opened» – slik forklarar arkitektane tanken bak arkitekturen og funksjonen til museumsbygget. Ein amerikansk rapport på 8000 sider fortel om dei overgrepa som fann stad på denne plassen, og er utgangspunktet for ein del av arbeidet til Liu. Unit 731 høyrde til den japanske hæren, og var plassert i japansk okkuperte Kina. Det var ein stad der ein forska på biologisk krigføring, gjennom grusomme eksperiment på menneske. Unit 731 var ikkje berre bemanna militært, det var også sivile lækjarar og forskarar frå japanske universitet og sjukehus som hadde sitt virke på denne staden. Lenge var denne delen av krigshistoria forsøkt skjult, men i 1984 måtte Japan endeleg erkjenne kva dei hadde gjort. Noko oppreising eller orsak har ofra heller ikkje fått. Området der Unit 371 var plassert vart rasert etter krigen, og dei siste 400 pasientane teken livet av, for å skjule krigsbrota. Over 3000 menneske vart i denne leiren utsett for dei mest utenkelege ting, og sjølv om området er rasert har det likevel blitt ein minnestad etter offera, med forteljingar som spriker i alle retningar. Liu fortel at dei med det nye museet ynskjer å fortelje om hendingane, og for å sikre at det som skjedde der ikkje skal bli dominert av fornektarane sin versjon av historia. Ho fortalde at kanskje særleg fordi den japanske staten ikkje har teke ansvar for det dei har gjort, kan museet vere med å sikre at fleire fortellingar frå denne staden får kome til overflata og bli del av krigshistoria, og nyansere det nasjonale narrativet. Meininga er at museet skal bruke dokumentasjon for å vise sanninga bak det som faktisk skjedde, slik at denne historia ikkje lenger kan skjulast for offentlegheita fortel Liu.

Unit 731
Unit 731

Comfort woman – AMA museum

I Taipei, Taiwan finn ein AMA museum. Chia-Li Chen fortel om dette museet som er særleg dedikert til å dokumentere og fortelje om dei såkalla comfort woman. Omgrepet comfort woman vart brukt om kvinner som var teken til fange av den japanske hæren, og tvunge til å arbeide som prostituerte i comfort stations. Denne praksisen starta den japanske hæren med i 1932, og det vart praktisert heilt fram til kapitulasjonen i 1945. Titusenvis av kvinner, mange av desse kvinnene var svært unge jenter som var kidnappa frå heimstaden sin og sendt til leirer der forhalda var mildt sagt uverdige. Det var mest koreanske kvinner, men også kvinner frå Taiwan og andre asiatiske land vart brukt på denne måten. Valdtekt, sjukdom, svolt og mishandling var livet som venta kvinnene i desse leirene, og dødstala var høge. Lenge vart også denne praksisen forsøkt skjult, men historia dukka opp til overflata på 1990 talet på grunn av overlevande som ville fortelja. I dag har museet vitnemålet frå fleire av desse kvinnene som ei stadfesting av dei overgrepa som fann stad, men slike fortellingar fungerer også som eit brot på det mononasjonale narrativet som har blitt Japan si krigshistorie. Det har lenge vore tabu å snakke om det og framleis i dag er det eit kontroversielt tema i Japan, det kan ein sjå på ordskiftet i den japanske pressa:

https://www.japantimes.co.jp/news/2019/11/01/national/display-comfort-women-artwork-canceled-japan/#.Xdvow9VKjIU

https://www.dw.com/en/fury-as-japanese-paper-redefines-comfort-women/a-46600576

Desse tre foredraga hadde på mange måtar svært ulikt innhald, men med nokre fellesnemnarar. Ikkje berre det at den japanske hæren gjorde mange ulike brot på menneskerettane under andre verdskrigen, men at det er i gong små prosessar her og der som vil endre krigshistoria slik me kjenner den, og museum kringom i verda er med på å få dette til å skje. Fleire stemmer får sleppe til og viser oss at det finns mange versjonar av historia, og nokre hendingar har vore forsøkt skjult og tildekt, men no er tida og viljen der for å snakke om dei. Historier frå enkeltindivid blir løfta fram for å nyansere og avdekke hendingar frå krigshistoria. Det var stor interesse for presentasjonane på konferansen denne dagen, og fleire aviser var til stade, blant anna The Japan times og Kyoto journal. Det er aukande medvit i musea i dag for korleis musea sjølve har vore ein reiskap for å skape bestemte nasjonale fortellingar som skulle vere til heider for landet, og unngått å snakke om dei fortellingane som stod for det motsette. Det som skjer i dag kan ein difor kalle ein demokratisering av musea, og måten musea bruker historia på. Slike konferansar er viktige fordi dei gjev mogleik til å dele korleis ein arbeider i det daglege med vanskelege og sensitive tema. Musea har fått mange viktige roller i dagens samfunn og dimed blitt meir komplekse som institusjon. Noko som gjer at ein har auka forventning og krav til musea i dag, at ein nettopp skal arbeide med slik tematikk. Gjennom desse dagane med FIHRM og med menneskerettar på agendaen, står ein ting klårt fram, dersom ein verkeleg vil det, så kan alle museum i praksis bli museum for menneskerettar.

 

Legg igjen en kommentar