Cecilie Rørstad og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Stiftinga Viti
Det einaste norske bidraget under ICOM-ICAMT sin 50 årskonferanse i Taiwan, kom frå Stiftinga Viti. https://icamt.mini.icom.museum/icamt-50th-annual-conference-taiwan-2024/
Cecilie Rørstad og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn deltok med ein artikkel og tilhøyrande presentasjon av museet Brudavolltunet med utgangspunkt i artikkelen “Landscapes on display: how can an old farm be a sustainable exhibition and disseminate sustainability?”.
I alt var det museumstilsette frå 18 land som presenterte forsking på konferansen i Taiwan.
Brudavolltunet – eit gardstun in situ
I artikkelen legg dei to vekt på korleis eit autentisk gardstun in situ, fungerer som ein kunnskapsbank for berekraft. Samstundes er tunet eit levande museum, men utan montrar, skjermar og utan ei kuratert utstilling. Det er tunet i seg sjølv som er utstillinga.
Museet Brudavolltunet vert eit motkraft mot moderne utstillingar med høg skjermbruk, og lar publikum i staden delta med hender og sansar.
Bruk av naturen, årstidene, landskapet, det som veks, bygningane, korleis bygningane er plasserte innbyrdes, alt dette formidlar kunnskap om fortida, som gir gode refleksjonar til notid og framtid. Museet lar publikum delta, ikkje berre passivt observere.
Bygningar som kuraterte utandørs utstillingar
Mange friluftsmuseum i Noreg har kuraterte, utandørs utstillingar, med bygningar som er tilført eit miljø.
Eit døme på dette er Norsk folkemuseum og Sunnmøre museum, der bygningar frå ulike stader vert demonterte og flytta til museet. Her har ein sett bygningane opp igjen og skapt ulike miljø i uteområde.
Dette betyr at byningane i stor grad er flytta vekk frå landskapet og natur- og kulturmiljøet dei opphaveleg stod i. Bygningane er då kuraterte utandørsutstillingar, vekke frå sitt originale miljø.
Her skil Brudavolltunet seg ut: tunet er “på rot”, og har ikkje tilført bygningar frå ulike andre stader.
Historiske dokument viser at dette ikkje var konfliktfritt då museet vart skipa av lokale entusiastar. Fleire i Ørsta kommune, der tunet ligg, ynskte å skape eit tradisjonelt friluftsmuseum etter modell frå Sunnmøre museum, med tilførte bygningar frå andre bygder.
Dette var ein pågåande debatt lokalt museumslaget og det offentlege ordskiftet i mange år. Resultatet vart at dei som ville verne tunet slik det stod, vann fram i diskusjonen.
Dette har lagt grunnlaget for at museet i dag difor er særleg interessant med sin høge autensitet.
ICAMT-konferansen
Artikkelen og presentasjonen vart godt tatt i mot på ICAMT-konferansen.
Det overordna temaet og tittelen for konferansen var “Encountering Transition – Reshaping museum architecture, exhibition design and techniques in response to global/local changes.”
Globalt er det store endringar som finn stad, både geopolitisk og når det gjeld klima og miljø. Desse endringane og spenningane fører med seg kriser og påverkar føresetnader og levekår over heile verda.
På konferansen deltok forskarar frå mange land og presenterte si forsking og arbeid innan dette temaet.
National Museum of Prehistory
Første del av konferansen fann stad på National Museum of Prehistory. Museet ligg utanfor Taitung, ein by heilt sør på Taiwan.
Museet formidlar historia til Taiwan med utgangspunkt i austronesiarane si 30 000 år lange historie på øya, og korleis havet og øyene i aust-Asia og rundt Stillehavet har ei lang felles historie.
Denne folkegruppa sine levekår vart formidla i utstillingane på ein tankevekkande og lærerik måte som utfordra og stilte spørsmål med vårt europeiske verdsbilde og perspektiv.
Delar av utstillinga tok føre seg korleis verda sitt forbruk av for slik som palmeolje og plast påverka og truga austronesiarane sine leveområde og kultur.
Samstundes viste utstillinga også kulturutrykk og gjenstandar vi kjende att frå norsk kultur og norske museumssamlingar, som åttebladsrosa og ein kalender som likna den norske primstaven. Og vårt felles verdshav, korleis påverkar havet menneska som lever med og av havet og utvikling av kultur og samfunn?
Fo Guang Shan Buddha Museum
Konferansedeltakarane besøkte også Fo Guang Shan Buddha Museum. Museet er ein del av eit buddhistisk kloster utanfor Kaohshiung.
Klosteret og museet utgjer eit imponerande anlegg, og nonnene formidla interessante perspektiv om bygginga av klosteret og musea og bakgrunnen for val av arkitektonisk uttrykk og symbolikk i utsmykkingane. Museet formidlar også ulike aspekt ved buddhistiske kulturuttrykk og historie.
Sikring av kulturarven
Eit av hovudføredraga kom frå Polen, der Kulturdepartementet i landet er i ferd med å byggje eit nytt, nasjonalt magasin for ivaretaking av kulturarven.
Omlag sytti prosent av den polske kulturarven forsvann eller vart øydelagt under andre verdskrig. Polen tek no grep for å sikre kulturarven sin i sikrare magasin, med bakgrunn i mellom anna endra tryggleik i verda, ikkje minst Ukraina- Russland-krigen.
Som nordmenn fekk vi spørsmål om kva tiltak vi gjorde for å sikre kulturarven vår, særleg med tanke på vårt naboskap til Russland. Polen byggjer fellesmagasinet slik at museum og private samlarar kan leige magasinplass. Ei hovudutfordring er manglande tillit i museumssektoren der alle vil “passe på” sitt.
Formidling av dei krevjande historiene
Konferansen omhandla også korleis krevjande historie kan formidlast og eksempel på korleis bygningar som representerer krevjande epokar eller einskildhistorier kan få nye uttrykk.
I Tainan, som tidlegare var hovudstaden på øya, er det fleire bygningar frå den japanske kolonitida, ein periode som framleis er nært for mange taiwanesarar.
Byen var på delar av 1600-talet handelspost for Nederland og Nederlandske Aust-Indiakompani, for handelen mellom Nederland og aust-Asia.
Byen og innbyggarane har teke med seg kolonihistoria, og har bevart ulike bygningar frå desse periodane på litt ulike vis og med ulike perspektiv. Kolonihistoria har vore både krevjande og definerande for byen og innbyggarane der.
Ny kunnskap og erfaringsutveksling
For Viti har det stor verdi å delta på ICAMT sin årlege konferanse og andre museumsfaglege konferansar internasjonalt.
Konferansar som denne presenterer ny kunnskap innan museumsfaglege tema, som verda over har mange likskapar. Det er lærerikt for oss å høyre om andre si forsking og problemstillingar innan felt også vi arbeider med her på Sunnmøre.
Besøka på musea i Taiwan gav oss eit innblikk i eit land og ei verd med store kontrastar, som vi i Noreg også er ein del av.
Møta med og erfaringsutveksling med museumsfolk frå både Taiwan og andre delar av verda gjev oss ny fagleg innsikt, nye perspektiv og inspirasjon til å utvikle våre museum vidare.
Det gjev oss eit utvida museumsfagleg nettverk med museumskollegaer over heile verda, noko som vil vere kunne danne grunnlag for nye samarbeid og ny forsking og formidling om tema som angår oss alle, på tvers av landegrenser og regionar.