Teknisk museum med kunstnarleg program

Berekraft i tungrodd farvatn

Knut Markhus
Leder for fagseksjonen, Vest-Agder-museet IKS

Det var svært lærerikt og interessant å få vera med på ICOM sin generalkonferanse i Praha, ein by som verkeleg kledde arrangementet. Konferanselokalet var likt andre bygg i sjangeren – men å gå rundt i veven av historiske gater, det gav museumssamlinga eit ekstra løft. Programmet gav òg høve til å besøka ei rekkje gode museum.

Vandring i Praha by var ein viktig del av konferansen
Vandring i Praha by var ein viktig del av konferansen

Opplegget mitt var å følgja hovudprogrammet til konferansen, og elles særleg ta del i sesjonar som handla om berekraft, i regi av ICOM Working Group on Sustainability. Nett slik gjorde eg det, i tillegg til at eg deltok på nokre av arrangementa til etikk-komiteen IC Ethics.

La meg starta med hovudprogrammet. Her var eit høgdepunkt vedtaket om ny museumsdefinisjon. Om nokon av dei ansvarlege var urolege for å få ein reprise av Kyoto, kunne dei raskt senka skuldrene. Då det vart opna for debatt, skjedde noko heilt anna. Det kom, på alle dei tre offisielle språka og frå alle verdsdelar, ein lang serie av hyllingstalar til prosessen og dei som stod for denne. Det var knapt nokon som hadde noko substansielt å melda, det var klapp og klem i verbal form – såpass at eg fekk utidige tankar om at dette nærma seg ein komedie. Men eg hadde ikkje vore i Kyoto, og innsåg at det var råd å skjøna at forsamlinga og organisasjonen hadde behov for at den nye definisjonen vart døypt i ei gryte av glede og begeistring.

Jubel for ny museumsdefinisjon
Jubel for ny museumsdefinisjon

Det viktigaste var sjølvsagt at den nye definisjonen er eit steg i rett retning, mellom anna med si vektlegging av museum som aktive deltakarar i samfunnet. Musea skal vera opne for publikum, tilgjengelege og inkluderande, og dei skal fremja mangfald og berekraft.

Omgrepet berekraft har altså kome inn i museumsdefinisjonen, og var meir til stade i konferanseprogrammet i Praha enn i tidlegare konferansar. Den ugandiske aktivisten Hilda Flavia Nakabuye heldt ein glimrande hovudtale med tittelen «Sustainability: Museums and Resilience», der ho ganske instendig bad om at ungdom må bli tatt sterkare med i arbeidet til kulturinstitusjonar, og også med i styringa av ICOM. Om me ynskjer å oppnå berekraft, må me inkludera ungdomen, sa ho svært klokt.   

ICOM Working Group on Sustainability har Morien Rees frå Varanger museum som styreleiar, og skal vera eit knutepunkt innanfor ICOM som engasjerer seg i saker som handlar om berekraft og klimaendringar. Arbeidsgruppa sine arrangement i Praha handla mellom anna om Sustainability Action Plan 2030, som gruppa har jobba fram. På den eine godt planlagde workshopen fekk deltakarane koma med innspel til planen, og ikkje minst korleis denne skal implementerast både i ICOM-systemet og vidare i museum verda over. Målet med det heile er viktig, det handlar streng tatt om å redda kloden. Likevel, i slike stunder, i eit møtelokale med nokre få titals personar av dei fleire tusen konferansedeltakarane, kan ein få kjensla av at ein er i eit tungt og tregt system. At her er det krefter og strukturar som gjer vegen fram til handling svært lang.

Dette vil eg belysa med ei anna oppleving. Den vesle komiteen IC Ethics laga til eit ad hoc-møte, som ein respons på eit brev frå nestleiar i styret i ICOM Ukraina Anastasiia Cherednychenko. Brevet legg fram korleis ICOM-medlemer i Russland, både personar og institusjonar, i krigssituasjonen skal ha gjort grove brot på ICOM sine retningslinjer. I norske ord seier brevet blant anna: «Russland øydelegg og ranar bevisst ukrainske museum og flyttar samlingane deira til russisk territorium mens russiske ICOM-medlemer deltek i Russland sine manipulerande prosjekt som strir mot grunnprinsippa til internasjonale ICOM.» Brevet sluttar med ei oppmoding om at russiske museum sine medlemsskap i ICOM blir avslutta, og at ICOM-medlemer suspenderer samarbeider med russiske museum.

Cherednychenko og ein ukrainsk kollega tok del i IC Ethics-møtet, og utdjupa innhaldet. Dei hadde samla så mykje bevis for sine påstandar som er råd å samla i ein krigssituasjon, og dei kravde hjelp frå moderorganisasjonen ICOM for å statuera eit eksempel for kva konsekvensar omfattande brot på regelverket ville ha for nasjonale komitear og individuelle medlemer som deltok i regelbrot. Ei rekkje engasjerte ICOM-medlemer tok deretter ordet, og det var stor konsensus om at ICOM som organisasjon måtte ta ei aktiv handling i saka. Her kunne den verkelege krafta i ICOM koma i spel. Blant deltakarane på dette spontane møtet var den nyvalde styreleiaren i ICOM sitt Advisory Board, og en kandidat for ein posisjon i ICOM sitt høgaste organ, Executive Board. Begge tok affære nokså raskt, og det ryktast at eit møte med ICOM sin nye president Emma Nardi fann stad alt dagen etter, rett etter at ho hadde blitt valt, eit møte eine og åleine om denne saka.

Det er uvisst kva som har skjedd sidan. Om noko har kome ut av møtet, vil dette, slik eg skjønar det, vera ein positiv rekord.

Summa summarum opplevde eg det slik at den energiske konferansetittelen The Power of Museums gav meining. Programmet var fullt av vitnemål om akkurat dette, at museum på mange ulike vis spelar ei viktig rolle i sine samfunn – og har potensial til å ta endå sterkare posisjonar. Det var mykje inspirasjon å henta, frå talarar med stor kompetanse. Som konferanseorganisator synst eg altså ICOM gjorde det godt denne gongen, og Praha var ein fulltreffar som arena. Neste stad er eit meir tvilsamt val: 2025-konferansen blir i Dubai. Arrangørane frå Emiratane fekk presentera sitt konsept, som var glitrande, sjølv om nok mange i salen tenkte det same som eg: Dei som finn vegen til Dubai får oppleva kulturvasking av eit regime som er av det svært undertrykkande slaget. Kvinner har lite dei skulle ha sagt, homofile risikerer fleire år i fengsel for å leva ut sitt naturlege liv.

Sluttordet frå meg er difor ei bøn til Norsk ICOM om å ta ein runde på om ein skal oppmuntra medlemer til å reisa dit. Er det etisk rett å dela ut reisestøtte til ein generalkonferanse i Dubai?

 

Legg igjen en kommentar