Picture 1

«DEN VERSTE TUREN»

Geir Olav Sebjørnsen
Utstillingsarkitekt, Museum Vest

I perioden 25.-27. Oktober hadde eg gleda av å vera til stades på ICAMT 49th International Conference 2023 i Porto.

På kongressen deltok eg på ei rekkje interessante og gode presentasjonar med særleg søkjelys på «Undoing conflict in museums: materiality and meaning of museum architecture and exhibition design».

Her fekk eg også mogleiken til å delta på ei rekkje (utflukter/ case studies) i nærområde til Palacio de Cristal der konferansen fann stad.

case

Min rapport tek utgangspunkt i den turen som grunna dårleg ver ikkje vart noko av, nemleg den med namnet: «Worst Tour” – From Palácio de Cristal to Praça da República»

Eg hadde store forventningar til den turen, og berre namnet på turen fanga mi interesse. Kva var dette for noko? Etter å ha lese omtala om kva turen gjekk ut på, var spenninga stor og vonbrote endå større, då me fekk meldinga om at turen vart avlyst på grunn av dårleg ver.

Eg var klar over at under den globale finanskrisa gjekk Hellas konkurs, men eg hadde ikkje fått med meg at Portugal også stod i same situasjon, og i 2011 vart Portugal tvunge til å søkja ein redningspakke frå EU på 78 milliardar euro for å unngå konkurs. Dette åleine forklara ikkje årsaka til det store forfallet som på mange måtar prega byen. Det må finnast fleire årsaker, og eg bestemte meg for å finne ut av det ved å gå min eigen «verste tur».

På turen min rundt i Porto sine gater var det første som slo meg alle dei tomme bygningane. Korleis kan det ha seg at så mange hus står tomme, og meir eller mindre rotnar på rot?

Forfall

Eg visste ikkje så mykje om dei mange tomme husa i Porto før eg kom til byen, og eg vart nysgjerrig på kva som var årsaka. Dei aude bygningsstrukturane var spreitt over heile byen, men særleg mange var det i bykjerna av Porto. Forfallet hadde fleire sider ved seg, for meg som turist var forfallet spennande, taktilt og nærast vakkert, men for bebuarane i Porto må det jo vere tragisk å sjå sin eigen by i forfall. Før eg reiste til Porto hadde eg ikkje trudd at det skulle vere forfallet som skulle oppta meg mest på turen, men også tida etter eg reiste frå byen gjekk tankane mine til dei tomme, vaklevorne bygningane. Forfallet hadde noko vakkert ved seg, det synte ein usminka sanning av strukturer, fargar, material, patina, lukt og kontrastar. Fasadane var dekka av graffiti på alle flater, som om desse flatene vart til lerret for gatekunstnarar. Bygningsflatene kan difor sjåast som eit utrykk for tidsanden i det moderne Porto. Graffitien fekk stå i fred og vart ein del av bybiletet i lag med forfallet.

På mi vandring i byen sine mange gater kom eg i snakk med ein hyggeleg hattemakar som haldt til i same lokalar som Porto sin eldste barberar. Hattemakaren var lett å prata med, og etter ein lang prat om handlaga hattar, og teknikkar, kom praten inn på byen Porto, og hattemakaren var svært interessert i kva eg tykte om heimbyen hans. Eg fekk også snakka med han om det store forfallet blant byen sine mange hus.

Screenshot 2023-11-19 at 18.50.55

Han kunne fortelja at i byrjinga av 1900-tallet innførte den portugisiske regjeringa ei lov som skulle verna menneske i ein vanskeleg økonomisk situasjon ved å gjera det umogleg for utleigarar å heva husleiga for å kunna kasta ut leigetakarane, og tene meir pengar på andre som vil betala meir. Sjølv om dette var bra for leigetakarane og gjorde at fleire kunne bu i sentrum for ein rimeleg pris, fekk det utilsikta konsekvensar. Utleigarane tente som direkte konsekvens av lova ikkje lenger nok til å kunna vedlikehalda husa. Mange av desse eigendommane vart difor ståande til forfall. Leigetakarane som ikkje hadde andre val, vart no buande under svært kummerlege forhald.  På min «verste tur» såg eg mange menneske som fortsett budde i leigegardar som såg ut som om dei kunne kollapsa når som helst. Når dei fleste er i ei så dårleg forfatning, vel mange av lokalbefolkninga å heller flytta ut av sentrum, og huseigarane som då ikkje tener noko som helst på husa sine, let desse husa stå og rotna, med eller utan leigetakarar. Hattemakaren løfta hendene sine i veret og rista på hovudet. Eg takka for praten og rusla vidare.

Rekkja med hus under Ponte de Dom Luis 1, gjorde sterkt inntrykk fordi her så eg med eigne auge menneske som budde i desse ruinane. Nokon av husa har fasade, men eigentleg er det berre tomme skal. Her lever mange under svært dårlege forhald.

Screenshot 2023-11-19 at 18.50.46

Den portugisiske regjeringa legg ned mykje arbeid for å betre bilete av byen, og reiselivsnæringa ynskjer å syna fram Porto som ein vakker, historisk hamneby i stadet for ein stad fylt med tomme hus. Ved første augnekast fram står forfallet som noko estetisk tiltalande og noko som på ein absurd måte, gjev byen både karakter og autentisitet, men slik kan det ikkje halda fram. Sjølv om forfall dominerer mange stader er det nokon hus som er under oppussing og desse blir truleg leigd ut til turistar i åra som kjem. Som i mange andre byar blir denne type bustadar kjøpt opp av investorar eller andre med mykje pengar. Slike prosjekt kjem i liten grad lokalbefolkninga til gode, men er meint som ei pengemaskin for turisme. Myndigheita i Porto stiller strenge krav til utføring av slikt arbeid. Særleg fasaden er viktig og må førast tilbake til opprinneleg utsjåande, prosessen tek tid og arbeidet er kostnadskrevjande.

Tilbake i Norge fortsette eg å tenkja på den guida turen som ikkje vart noko av. Eg googla «The Worst Tour in Porto», og der poppa «The Worst Tour» opp. Eit konsept som starta med tre arkitektar frå Porto i 2012, og som no er organisert i ein organisasjon som inviterer til byvandring for å diskutera feilslåtte, urbane prosessar. Målet er å læra av desse, slik at dei ikkje gjentek seg. Eller som dei sjølv seier på heimesida:

«Utover turisme, kva vil Porto gjera om 30 år? Kvifor reisa dersom det luktar, ser og kjennes likt ut over alt? Kvifor besøkja område som berre har andre turistar? Vil ikkje monokulturen i sentrum av Porto drepa turismen på lang sikt? Me ynskjer å diskutera eigedom, gentrifisering, emigrasjon, arbeid, sentrum, periferi, historie og politikk. Ein vandredebatt og ein invitasjon til fantasi».

Dilemma med at store delar av dei lokale ikkje kan bu i eigen by er ein stor utfordring. Turisme kan vera positivt og bringa friske midlar inn i by-økonomien, men det må vera ein plan bak slik byfornying. Menneska som bur der, naturen og kulturen må koma i høgsetet. Det krevst ein dialog mellom menneske og behova dei har, og korleis bringe fortida inn i ei moderne notid. Det var verkeleg synd at me ikkje fekk mogleik til å diskutera desse problemstillingane med guidar frå «The worst tour».

Det er ein prosess i gong i Porto, og fleire store prosjekt var i full gang når me var på vitjing. For eksempel held dei på å bygge ein ny Metro-stasjon like ved hotellet der eg budde. Det er heilt tydeleg at Porto satsar og forventar auka trong for eit godt kollektivtilbod.

Screenshot 2023-11-19 at 18.51.18

Min eigen «verste tur» i Porto har fått meg til å reflektera kring utfordringar som turisme førar med seg, og eg har opplevd kor viktig det er å gå til den lokale hattemakaren, barberaren på hjørnet, jernvarehandelen i bakgata, og bakaren og slå av ein prat med nokon av dei hyggelege menneska som i sum utgjer ein levande by.

Legg igjen en kommentar