IMG_1391

Museum er kraftfulle institusjonar. Per definisjon

Arnfinn Stendahl Rokne
direktør, Ringve Musikkmuseum/ Rockheim -det nasjonale museet for populærmusikk

Rundt år 2000 studerte eg Museum Studies ved University of Leicester. Den første artikkelen i den første sesjonen handla om museumsdefinisjonen – kva er me og kva gjer me som fagleg fellesskap i verda? Eg tenkte ikkje så mykje på kor definisjonen kom frå akkurat då. Tok vel meire for gitt at kloke hoder ein gang for lenge sidan tenkte ut dette, og at det berre er noko me forheldt oss til. Spol fram til 2022 og eg sitt saman med eit par tusen andre museumskollegaer frå heile verda i ein konferansesal i Praha. «We have a new museum definition» kjem det begeistra frå Alberto Garlandini – avtroppande leiar for ICOM. Salen reiser seg, applausen er rungande. I eit par minutt står me saman og klappar. Klappar og kjenner at noko stort er oppnådd. At alt som vart sagt i timen før vedtaket stemte. At sidan forrige forslag i Kyoto har me jobba saman for å finne noko me kan einast om på tvers av kulturar, politiske system, økonomiske faktorar, identitetar, kolonialistisk og imperialistisk historie. Før avstemminga og før debatten fekk me ein gjennomgang av prosessen fram til den nye definisjonen. Eg har nok vore lite involvert i min kvardag, men det var både lærerikt og inspirerande å sjå korleis ICOM gjennom 18 månader har kjørt ein stringent prosess med medverking i alle ledd. Gjennomgangen av prosessen gav oss bakgrunn for å forstå orda som er brukt i definisjonen og ikkje minst ein tryggheit på at kvart einaste ord er gjennomdiskutert – både på meiningsinnhald og rekkefølge. Tusenvis av museum i fleire hundre land er hørt gjennom prosessen. Nasjonale og internasjonale fagkomitear har gitt sine innspill. Det er gjort analyser og sett på samfunnstrendar. Det har vore avstemmingar og det har blitt jobba masse digitalt både på grunn av pandemien og fordi me rett og slett er sprett over heile verda. Eg var ikkje på forrige møte i Kyoto. Eg har faktisk ikkje vore på ICOM-møter i det heile tatt før. Men eg har fått med meg debatten, og det som var interessant var å sjå korleis det forrige forslaget har utvida rommet for å snakke om kva eit museum er. Ved å strekke det såpass langt, i alle fall for mange, i forslaget som ikkje vart vedtatt opplever eg at diskusjonsrommet vart større. Sjølv om forslaget frå 2019 ikkje vart vedtatt, vart ein tvunge til å ta stilling til dei meir politiske og etiske sidene ved å drifte og utvikle museum. Det har gitt oss ein definisjon som eg trur er meire dristig og meire samfunnrelevant enn ein definisjon som ikkje hatt tatt yttersvingen om forrige forslag. Eg meiner også at forslaget tvang fram ein mykje meire inkluderande prosess enn det elles ville blitt. Om me skal koma vidare som globalt fellesskap, må me dele både visjonane, ambisjonane og definisjonen. Den einaste måten å klare det på er å snakke saman. Bryte meiningar og forsøke å forstå kvarandre. Det er hardt arbeid og det krever mykje av alle som er involvert, men med krig, polarisering og truslar mot demokratiet som bakteppe, blir det berre enda meir meiningsfullt og viktig å møtes på tvers av alle skillelinjer og stake ut ein veg vidare saman. Eg trur det var derfor me klappa så lenge etter eit nesten einstemmig vedtak. Ikkje fordi det var enkelt og fordi alle er rørande einige om alt, men fordi me kjenner at me står for verdiar som me skal bruke i kampen mot kreftene som vil bryte ned kunnskap, ytringsfriheit og opne demokrati. Det er krafta i dialog, krafta i å tole ueinigheit, krafta i å tørre snakke om vanskeleg historie, krafta i å alltid tørre å sjå på historia på nytt, krafta i å lage møteplassar i samfunnet, krafta i kunnskap og krafta i å sjå framover. Dét er krafta til musea!

IMG_1384

No skal kvart land ta same runden. Definisjonen skal oversettast. Ord skal kløyvast, og inni dei skal me finne forståingar som sett oss i stand til å forstå oss sjølv og forstå verda rundt oss.

Etter applausen, småpratinge og skulderklappinga gav eg eit lite nikk til meg sjølv for over tjue år sidan. Slik lagast ein definisjon. Husk at du var der når det skjedde, og husk at det alltid er menneska som møtast og definerer verda i lag eller for kvarandre.

CIMCIM – International Committee for Museums and Collections of Instruments and Music

Eg har jobba som leiar for dei nasjonale musikkmusea Ringve og Rockheim i halvtanna år. CIMCIM har vore ein gjengangar både i fagprat og småprat. Endeleg fekk eg møte dette forumet og koma inn i viktige diskusjonar om samlingar og utvikling av musikkmuseum. Me gjekk gjennom samlingar i Sør-Amerika, diskuterte det siste innan nomenklatur, fekk info om ulike prosjekt frå fleire museum og ikkje minst tid til å snakke saman. Målet mitt var å begynne å bygge nettverk med museum som me kan samarbeide med, og det vart oppretta fleire kontaktar som er følgt opp etterpå. Og ein ting til. Eg fekk bekrefta at konservatorane på min arbeidsplass er internasjonalt anerkjent. «Hels til han og hels til ho. Skulle så gjerne hatt dei her, no er det for lenge sidan sist, ho har betydd mykje for meg som fagperson, han har vore viktig for vårt arbeid med nomenklatur og samlingutvikling». Møter med fagfellar kan gjera oss meire synleg for oss sjølv, og eg kjem tilbake med enda litt høgare respekt for mine kollegaer sitt faglege arbeid.

På dagen då dei internasjonale komiteane møttest aleine gjorde eg ei blemme. Eg skulle vore med CIMCIM, men valte heller å delta på INTERCOM – International Committee for Museum Management fordi mitt fagområde er museumsleiing meire enn musikkvitenskap. Denne samlinga opplevde eg som unyttig. Eg trudde me skulle snakke om utfordringar som museumsleiarar, men opplevde ein skrytefest frå museum som ville snakke om eigen fortreffeligheit. Etter to timar gikk eg i staden på Kunsthallen og fikk oppleve elektronisk kunst frå dei siste hundre åra. Svært inspirerande og nyttig med tanke på utvikling av utstillingar på eige museum. Etterpå gikk eg på musikkmuseet i Praha i tre timar. Museet er nokså tradisjonelt med tanke på utstillingar, men med svært spennande gjenstandar og fiffige grep i ei barneutstilling som kombinerte musikk og zoologi. Eg observerte fleire familiar under besøket og kombinasjonar som utstoppa svane, lyd og bilde frå Svanesjøen og ballettdansing engasjerte dei minste. Ein klok måte å si noko om kva musikk er, kva som kan inspirere komponistar og kva du kan undersøke i naturen sjølv. Monter og instrument vart gjennomfotografert og utstillingar vart saumfart. Eg skulle sjølvsagt fått snakka meir med ansatte, men det vart lite av det denne gangen. Besøket var uansett svært nyttig, og med ei nyåpna hovedutstilling på Ringve – Lydspor – som referanse gav besøket stor verdi for meg og for våre diskusjonar om vidare utvikling av både Ringve og Rockheim.

Fra utstillingen på Musikkmuseet i Praha
Fra utstillingen på Musikkmuseet i Praha

Epilog

Dagen etter vedtaket om ny museumsdefinisjon ruslar eg ned frå slottet i Praha. Eg går forbi eit vindu der det står KGB Muzeum og tenker at det kan jo vera interessant. Ein time seinare kjem eg ut igjen. Fortumla. Det handla ikkje så mykje om KGB – meire om å ta livet av fiendar på brutalt vis. Og at det meste du har hørt om Sovjetunionen er ein konspirasjon. Formidling utført med aggresjon og store ord. Ingen nyansar, ingen etiske refleksjonar, ingen dialog eller referansar. Berre ein påståeleg fyr som har samla litt ting her og der og som insisterer på si høgst personlege forståing av fortida og samtida. Ein som kjefter på deg når du stiller feil spørsmål. Eg var per definisjon ikkje på eit museum – heldigvis finnast det ei rettesnor for kva me er og ikkje er. Heldigvis er krafta i musea sterkare enn spinnville enkelmannforetak som sett opp surrealistiske drapsshow i ei sidegate i Praha.

Takk for støtta, ICOM Norge. Konferansen var så mykje meir enn det eg skriv om her, og det bruker eg stadig i mitt museumsarbeid.

Legg igjen en kommentar