Dainenbutusu-ji tempelet i Hirano, Osaka var ein viktig møteplass og arena for tradisjonelle aktivitetar. Vi fekk vera med på ein minifestival som dei elles arrangerer eit par gonger i året.

ØKOMUSEET LEVER I JAPAN

25th ICOM General Conference/ICR Annual Conference: «Regional museums encouraging sustainable use of cultural and natural heritage».

Roy Høibo, Ryfylkemuseet

ICR hadde lagt sitt «Off-site meeting» til Osaka på den femte dagen til generalkonferansen. Det blei eit møte med ein museumside som hadde si blømingstid her i landet for 40 år sidan, men som det seinare er blitt stillare omkring. I Osaka, derimot, levde ideen i beste velgåande. Presentasjonen av museet passa godt inn i det overordna temaet for generalkonferansen: «Museums as Cultural Hubs: The Future of Tradition».

Dei kalla det Hirano «Machigurumi» Museum eller Hirano Community-wide Museum etter bydelen Hirano som vi forsto er gamlebyen, «oldest township» i Osaka. Kanskje kan ein oversetta det til eit nabolagsmuseum, men dei snakka og om «Town Museum» sjølv om det er vanskeleg å assosiere det med eit ordinært bymuseum. Sentrum i museet var Dainenbutsu-ji, eit tempelkompleks midt i bydelen med bygg for kulturhusfunksjonar, og det var øvste presten ved eit anna tempel, Ryonin Kawaguchi ved Senkoji tempel som representerte og presenterte museet som «koordinator». Og templa var sjølvsagt nokså synlege element i bydelen, og viktige arenaer for mange aktivitetar, men det var ikkje det som var det viktigaste. Det sentrale i museumsideen var dei mange verkstadane, forretningane, privathusa og andre stasjonar som fall inn under museumsparaplyen.

For oss som var med på turen var det lagt opp til ei vandring der noen kom inn i ein blomsterforretning og fekk prøve seg på tradisjonell, japansk blomsteroppsetting (Ikebana), fekk besøke Kumata-Jinja Shrine der dei heldt liv i tradisjonelle poesisamlingar, fekk ta del i japansk teseremoni eller besøke ein verkstad der dei stelte fint med japanske sverd. Andre fekk besøke eit avismuseum, oppleve gateteater og barneleikar ved Senkou-ji tempel, sjå Budda-statuer-museet, prøve seg på puslespel på puslespeøkafeen eller prøve origami og godteriproduksjon. Det var altså eit mangfald av stader og aktivitetar som gikk inn i museumskonseptet, 15 i alt. Det påfallande var at det openbart blei lagt stor vekt på vedlikehald og vidareføring av immateriell kultur som ein del av museumsdrifta.

Ikebana er nemninga på ein tradisjonell måte å setta opp blomar på. Deltakarane på vandringa fekk prøve seg på kunsten.
Ikebana er nemninga på ein tradisjonell måte å setta opp blomar på. Deltakarane på vandringa fekk prøve seg på kunsten.

Ryonin Kawaguchi, presten og koordinatoren, definerte museet tydeleg som eit økomuseum, og la vekt på at det blei drive av frivillige innbyggarar i bydelen, utan noen form for støtte utanfrå. Dette var ikkje noe han beklaga, men snarar såg som ein føresetnad. Innbyggarane måtte sjølve ta ansvaret for bevaring og utvikling av byen.Byen burde ha fridom til å utvikle seg på sine eigne premisser uavhengig av overordna styring.

Utgangspunktet var ei rørsle som hadde oppstått på 1980-talet da det kom i gang eit utviklingsarbeid der kulturarven, «the town’s historical heritage», kom til å utgjere eit sterkt premiss. Byutviklinga skulle dra vekslar på historia. Ikkje berre slik at ein tok vare på fysiske kulturminne, men også historia om liva til vanlege folk. Det skulle ikkje bli ei utstilling, men ein by der ei mangeårig historie skulle få leva vidare samtidig som folk budde på staden. Byutvikling måtte handle om gjenoppdaging og revitalisering av byen. Konseptet omfatta vidareføring av mange historiske og kulturelle arrangement som ein tenkte ville bidra til å gjera folk stolte av byen sin. Museumsbygginga skulle ikkje handle om å laga eit betre museum men om å laga ein betre by.

Formålet var ikkje å gjera byen attraktiv for turistar. Det viktige var å gi folk eit tilbod om å kjenne byen dei budde i. Dette har ein meint at ville fungere best ved å sjå på heile byen som eit museum, inkludert gatene og folka som budde der, og ikkje gjennom utstillingar i ein bygning. Poenget var at innbyggarane, og dei som kom på besøk, skulle kjenne på livet i byen gjennom kontakt med innbyggarane. Følgeleg var det heller ingen profesjonelle museumsfolk som følgde oss rundt, det var frivillige som sjølve budde i byen.

Økomuseet omfattar mange immaterielle kulturuttrykk, som den tradisjonelle teseremonien. Vi blei tatt inn eit privathus der dei heldt denne tradisjonen levande.
Økomuseet omfattar mange immaterielle kulturuttrykk, som den tradisjonelle teseremonien. Vi blei tatt inn eit privathus der dei heldt denne tradisjonen levande.

Dette er som tatt rett ut av læreboka for økomuseer. Økomuseumstanken oppsto og blei utvikla i Frankrike og franskspråklege Canada tidleg på 1970-talet, og fekk tilslutning både i Portugal, Spania og somme søramerikanske land. På off-site-møtet til ICR i Osaka, der det også var ein fagsesjon om «Ecomuseum, ecology and cultural/natural environment» var det 12 innleiarar som hadde meldt interesse for å snakke om temaet. Dei var frå Mexico, Russland, Sverige, Slovakia, Japan, China og Nepal i tillegg til at ei rekke økomuseums-konsept blei presenterte som plakatutstillingar.

Økomuseums-konseptet slo rot også her i landet. Etter eit seminar på Telemark distriktshøgskole i 1984 blei det etablert ei gruppe av norske økomuseum som etter kvart kom til å omfatta eit 40-tal institusjonar. I 1988 kom Økomuseumsboka som blei presentert som «ei arbeidsbok om ny museologi».[1] Forfattarane, John Aage Gjestrum og Marc Maure, hadde i fleire år dyrka tett kontakt med økomusumsrørsla ute i verda, og boka hadde fleire bidrag frå dei franske føregangsmennene Georges Henri Rivière og Hugues de Varines.

Definisjonen av økomuseet, eller innhaldet i det, blei framstilt som ein formel: «Territorium + kulturarv + lokalsamfunn». Altså godt attkjenneleg frå økomuseet i Hirano, Osaka. Heile bygda eller bydelen var museet, innhaldet omfatta alle delar av kulturarven, både den materielle og den immaterielle, og aktivitetane skulle bidra til utvikling av lokalsamfunnet. Aktivitetane i museet skulle skje gjennom aktiv dialog og deltaking. Dette blei framstilt som eit alternativ til ein tradisjonell museumsmodelle etter formelen «Bygning + samling + publikum».

Med bakgrunn i den dominerande diskusjonen på generalkonferansen i Kyoto, diskusjonen om museumsdefinisjonen, som handla om kva samfunnsrolle musea skulle definere for seg i eit samfunn prega av globale miljøutfordringar, migrasjon og aukande ulikskap, er det interessant å legge merke til at økomuseumsrørsla også såg sitt arbeid i eit større perspektiv. I Økomuseumsboka skriv John Aage Gjestrum om behovet for å redde menneskeheita frå å øydelegge seg sjølv. Da, for 30 år sidan, var det miljøutfordringane, atomtrusselen og nye klasseskilje som framsto som dei dominerande utfordringa fram mot tusenårsskiftet. Kunne musea ha noe å bidra med i møte med slike trugsmål? Ja, meinte Gjestrum, for museet er ikkje primært ein historisk tilbakeskuande institusjon. Vi må snakke om samfunnsutviklingsmuseet.

Dette kom ikkje til å vera tankar som berre levde i eit avgrensa museumsmiljø. I museumsutgreiinga frå 1996, Museum – mangfald, minne, møtestad[2], blei samfunnsnytta til musea løfta fram, musea skulle ikkje berre vera samfunnsminne, dei skulle også vera møtestader og dialoginstitusjonar. I den etterfølgjande museumsmeldinga[3] blei det peika på at musea burde ha «dei beste føresetnader» for å fungere som arenaer for samfunnsdebatt om kulturarv og kulturell identitet. Musea måtte søke dialog med omverda og utvikle evne til å overraske og utfordre burkarane både emosjonelt og intellektuelt. Musea skulle bidra til kritisk refleksjon.

Tankane frå den tidlege fasen til økomusa har utvikla seg vidare her i landet, og mye av tankegodset er omsett til aktivt museumsarbeid mange stader. Men det var interessant å sjå korleis nabolagsmuseet i Hirano i Osaka dyrka grunnideen om å sjå på heile bydelen som eit museum der kunnskapane og medvitet om dei historiske føresetnadane blei brukte som byggesteinar i den nåtidige byutviklinga. Korleis dei lukkast var ikkje så godt å få tak i berre på ein dag og i ein språksituasjon som ikkje la til rette for den beste dialogen, men eg tenkjer at gjensynet med økomuseet i si mest originale form kan tene til ny inspirasjon i ei verd der utfordringane frå 1980-talet på ingen måte er løyste.

[1] Gjestrum, John Aage og Maure, Marc: Økomuseumsboka – identitet, økologi, deltakelse, Norsk ICOM 1988

[2] NOU 1996:7 Museum – Mangfald, minne, møtestad

[3] St.meld. nr. 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og oppleving

Legg igjen en kommentar