Det nye styret i ICOM Nord Regional Alliance med varamedlemmer. Lasse Tjønnøy og Håkon Roland (vara) representerer ICOM Norge i styret. Foto: Atle Ove Martinussen

The Power of Museums

Atle Ove Martinussen
Styreleder i Norsk ICOM

Aller først vil eg takke Norsk ICOM for reisestøtte til generalkonferansen i Praha 2022.

Det var eit interessant fagleg program for Generalforsamlinga i Praha og med særleg fokus på tema museum og samfunn – «The Power of Museums». I tillegg var det knytt stor spenning til den nye museumsdefinisjonen. Det var også veldig flott å få på plass den nye regionale alliansen – ICOM Nord Regional Alliance. Dette vil styrke Norden som region og alliansen kan gjera felles sak for dei nordiske landa innanfor ICOM med ei sterkare stemme, enn det vi har kunna gjera kvar for oss. Under dette møtet vart, etter fleire års arbeid og pandemi, alliansen etablert og alle styreleiarane i dei nordiske ICOM-komitéane skreiv under dokumentet for oppretting av alliansen.

ICOM Nord Regional Alliance

Det vart arrangert separat møte den 22. august for alle interesserte under Generalkonferansen i Praha. Det var overraskande stort frammøte! I tillegg til presentasjon av styret og statuttane for alliansen var det presentasjon av prosjektet Identity on the line ved Kathrin Pabst (ICOM Ethics), Urška Purg, (ICOM Sloveina) og Søren la Cour Jensen (ICOM Nord).

Det nye styret i ICOM Nord Regional Alliance med varamedlemmer. Lasse Tjønnøy og Håkon Roland (vara) representerer ICOM Norge i styret. Foto: Atle Ove Martinussen
Det nye styret i ICOM Nord Regional Alliance med varamedlemmer. Lasse Tjønnøy og Håkon Roland (vara) representerer ICOM Norge i styret. Foto: Atle Ove Martinussen

Museumsdefinisjonen

Det var knytt stor spenning til den nye museumsdefinisjonen. Sist dette var oppe var i Kyoto (Japan) under førre generalkonferanse i 2019. Det vart ein maraton og lange diskusjonar før ein til slutt bestemte, at det ikkje skulle stemmast over definisjonen. Det vart difor ikkje vedtatt noko ny  museumsdefinisjon i Kyoto i 2019 og medlemmene insisterte på større openheit og  om at det vart gjennomført meir demokratiske prosessar for arbeidet med den nye museumsdefinisjonen, der medlemmene fekk komma med innspel. Dette har vore gjort fram til Generalkonferansen i Praha 2022. I den nye definisjonen er både samfunnstilknytinga, mangfald og berekraft innlemma. Forarbeidet med innspel frå medlemmene (2020 -2022) har fungert og det var ingen negative innlegg knytt til handsaminga av museumsdefinisjonen. Den vart godkjent med overveldande fleirtal.

Den nye museumsdefinisjonen! Foto: Atle Ove Martinussen
Den nye museumsdefinisjonen! Foto: Atle Ove Martinussen

Keynote-foredraga var interessante og eg vil trekkje fram noko av dette som var fagleg spennande.

Margarita Reyes Suárez er ein antropolog og museolog med over 30 års erfaring frå deltakande prosjektarbeid og utvikling ved museum og kulturarvsdestinasjonar i Columbia. Ho er forskar ved Colombian Institute og Anthropology and History (ICANH). Ho har fokusert arbeidet sitt på gjenoppretting av lokale tradisjonar og refleksjon på kulturell dynamikk i lokalsamfunn. Ho har særleg arbeidd med og utvikla prosjekt i samarbeid med lokalsamfunn og urbane grupper, som t.d. unge hip-hopparar i Bogotá.

Det var interessant å få innblikk i arbeidsmetodar og resultata frå prosjektarbeidet ho har gjort i Colombia. I tillegg var det mange andre faglege innlegg og workshop ein kunne delta på. Eg vil her særleg halde fram ICEthics refleksjonsworkshop. Vi fekk der møta reelle etiske dilemma presentert av perosnar som har opplevd det og kunne diskutere face-to-face dei mest essensielle etiske utfordringane i vår tid. Samtalane vil bli omskrive til ein artikkel som vil bli gjor ttilgjengeleg for ICOM medlemmer i form av ein artikkel.

Prague Congress Centre med flotte lokaler gjorde det lett å gjennomføre Generalforsamlinga. Det var ca 2500 deltakande delegatar i Praha. Foto: Atle Ove Martinussen
Prague Congress Centre med flotte lokaler gjorde det lett å gjennomføre Generalforsamlinga. Det var ca 2500 deltakande delegatar i Praha. Foto: Atle Ove Martinussen

Legg igjen en kommentar