Bogemakarverkstaden i Kyoto

Japansk bogemaking

Atle Ove Martinussen
Styreleiar
ICOM Norge
Dette var første gongen eg har vore med på ei generalforsamling i ICOM. Det var ganske overveldande å vera del av ei generalforsamling med ca 4 500 deltakarar. Programmet var interessant og keynote-føredraga spennande – særleg fann eg føredraget til fotografen Sebastião SALGADO, som viste bilete og fortalde om Amzonas i føredraget «A Brazilian Amazon Forest Initiative» interessant. Salgado viste svart-kvit-bilete frå Amazonas av naturen med fjell, dalar og elva samt menneska som lever i Amazonas. Han klarte å få fram kva verdiar vi er i ferd med å miste gjennom brannane og uthogginga av regnskogen utan å visa eit einaste bilete av brannane, som har herja der lenge. Det var særleg interessant å sjå dei massive fjellformasjonane, som eg faktisk ikkje visste var i Amazonas.

Tema elles for konferansen var interessant og omhandla museum som kulturell HUB og framtida for tradisjon. Fokus på korleis musea kan bidra som samfunnsaktør var gjennomgåande sett i lys av klimaendringar, global politikk, fattigdom, naturkatastrofer m m. Det vart peika på at det haster meir og meir at musea tenkjer gjennom korleis dei kan bidra til ei fredfull og berekraftig framtid.  Det var interessant å følgje med på diskusjonane og alle tumultane rundt den nye museumsdefinisjonen, der agenda vart forandra og etter over 7 timar med tekniske problem og diskusjon vart det bestemt å utsetje vedtak til det årlege møtet i Paris i juni 2020. Eg er spent på korleis prosessen fram mot juni-møtet blir.

Eg har lyst å skrive litt om noko eg oppdaga i Kyoto knytt til immateriell kulturarv. Eg har i mange år drive med bogeskyting og blitt interessert i bogemaking. Har laga tre langbuer så langt. Eg visste at det var ein lang tradisjon i Japan for å laga langbuer, som var brukt av samuraiane. Det er i dag kun ein bogemakar igjen i Kyoto. Etter mykje om og men fann eg denne bogemakaren og fekk lov å komma og besøka han ein dag eg hadde litt tid til overs. Dette er immateriell kulturarv og handlingsboren kunnskap, som er ført vidare i Japan, gjennom svært mange generasjonar. Den unge bogemakaren i Kyoto var 21. generasjon bogemakar i familien. Eg fekk filma litt av prosessane og tatt bilete av boger og delar av arbeidet med å laga ei boge. I oktober skulle han til Tyskland for å vera med på ei samling, der han skulle demonstrere japansk bogemaking. Det var lett å kommunisera med han fordi han snakka engelsk og var van med å delta på workshops i Europa. Reint fagleg sett var dette det mest interessante eg fekk oppleva i Kyoto og det kan eg takka Icom og generalkonferansen for. Med tida (dvs når eg får tid) kan dette bli ein liten artikkel om japansk bogemaking til eit eller anna tidsskrift.

Bogemakarverkstaden i Kyoto
Bogemakarverkstaden i Kyoto

Eg var også på heildagsekskursjon til Osaka Castle, som er eit japansk slott i Chuõ-ku utanfor Osaka. Slottet er eit av dei mest berømte landemerka i Japan. Slottet spelte ei viktig rolle i samlinga av Japan i løpet av det sekstande hundreåret. Det er bygt som ei borg, særleg interessant er måten dei ulike inngangane er konstruert med svingar, slik at det skulle vera vanskeleg for bogeskyttarar å bruka dette våpenet om ein prøvde å ta seg inn i borga. Vi vart vist rundt av ein frivillig, som var veldig flink forteljar. Hans levande skildringar av angripande samuraiar var så godt gjort, at du nesten trudde samuraiane var på veg inn i borga.  Borga er 58 meter høg og vart opna i 1597. Borga var i bruk mellom 1583 – 1845. Osaka Castle har vore restaurert fleire gonger og siste gong på 1990talet. I dag er den ein viktig turistattraksjon med diverse utstillingar i salane i borga. Det vart også arrangert eit kveldssete for dei nordiske Icom-medlemene, som var veldig hyggeleg og der det også var med medlemmer frå ein del andre land, m.a. Ungarn. Det var ein nyttig og fin måte å bli litt kjent med dei som sit i styra for dei andre nordiske Icom-komitéane. Særleg etter at Kathrin Pabst vart valt til styreleiar for den nye etiske dilemma komiteen og eg vart valt som ny interim-styreleiar for ICOM Norge.

Bogemakarverkstaden i Kyoto
Bogemakarverkstaden i Kyoto

Legg igjen en kommentar