«Museums are not neutral» - konferansens foredrag til minne om museumsnestor og -pioner Stephen E. Weil

Museenes transformative kraft

Åshild Andrea Brekke
Spesialkonsulent, Kulturetaten Oslo kommune

Tema for årets generalforsamling i ICOM var «the power of museums», med pandemi, klimakrise og krig som bakteppe. Ordet ‘power’ kan tyda både ‘makt’ og ‘kraft’, og innhaldet i årets konferanse tok føre seg begge deler: i eit samfunnsperspektiv har ikkje museum berre makt til å setja dagsorden, men òg kraft og tyngd til å skapa endringar. Fleire av dei faglege innlegga på konferansen handla nettopp om dette samfunnsansvaret til musea, med serskilt vekt på rolla dei kan spela i sivilsamfunnet, ikkje minst i ei tid med store utfordringar og uro på mange område.

Opningsseremonien føregjekk i ausande regn i eit festtelt mellom Jordbruksmuseet og Teknisk museum i Praha, utan at det la nokon dempar på den generelle stemninga. Museumsfolk frå heile verda var glade for å kunna samlast att etter to dryge pandemiår med tunge restriksjonar og tomme museum.

Ein gjennomgåande tematisk raud tråd handla om tillit og nøytralitet: museum er institusjonar som nyt stor tillit i samfunnet, og har såleis eit serskilt ansvar for å vera medvitne om makta denne tilliten gjev. Vidare er det fåfengt å halda fast ved illusjonen om at dei er nøytrale institusjonar: eit museum er djupast sett eit menneskeskapt og -drive fenomen, og vil såleis alltid vera posisjonert i høve omverda. Fleire av plenumsinnlegga handla nettopp om å skapa ein større debatt om korleis ein kan nytta denne krafta til å skapa positive samfunnsendringar som å byggja ned sosiale stengsler, eller bidra til ein meir berekraftig livsførsel.

«Museums are not neutral» - konferansens foredrag til minne om museumsnestor og -pioner Stephen E. Weil
«Museums are not neutral» – konferansens foredrag til minne om museumsnestor og -pioner Stephen E. Weil

Tillit, makt og samfunnsansvar var òg tema i fagsesjonen til nystifta ICOM North, der Katrin Pabst frå Vest Agder-museet presenterte interessante funn frå prosjektet «Identity on the Line», eit internasjonalt samarbeidsprosjekt med fem andre museum og eitt universitet i Sverige, Danmark, Polen, Litauen, Slovenia og Kroatia. Prosjektet er finansiert gjennom Kreativt Europa-programmet til EU og handlar om etiske dilemma og utfordringar knytt til dokumentasjon, forskning og formidling av livserfaringar til migrantar og korleis desse kan ha påverknad over lang tid og gjennom generasjonar.

Torsdag deltok eg i fagdagen til ICME, som gjekk av stabelen på Nasjonalmuseet i sentrum av Praha. Der heldt mellom anna dr. Eva Johansen frå Alta museum – Verdensarvsenteret for bergkunst eit svært interessant innlegg om forskinga si på Bååstede-prosjektet.  Ho fokuserte på erfaringar og utfordringar ved tilbakeføringsprosessen av samiske gjenstandar frå Norsk Folkemuseum og Kulturhistorisk museum til samiske museum i perioden 2012 – 2022. Vidare fekk vi høyra om arbeidet med å få på plass eit museum for romkultur i Ungarn, av doktorgradsstipendiat Krysztina Varga. Ho hadde vore i Norge tidlegare i vår for å intervjua mellom anna Glomdalsmuseet og andre relevante aktørar om arbeidet deira med ulike nasjonale minoritetar. Etter lunsj gjekk turen til den etnografiske avdelinga til Nasjonalmuseet som heldt til i to andre lokaler i byen: Kinsky Folly og Náprstek museum. Sistnemnte hadde nett opna ei ny utstilling om reisemåtar og -kultur på 1800-talet og hadde gjort eit svært vellykka grep ved å strukturera formidlinga rundt handlinga og tidslinja i Jules Vernes’ Jorden rundt på 80 dager. Denne måten å formidla på vekte både nyfikne og interesse for tematikken, ikkje minst fordi romanen framleis er svært populær blant folk i alle aldrar i Tsjekkia.

Fredag var ekskursjonsdag, og vi tok turen nordover til Most og Usti i Ore Mountains Mining Region, ein av Tsjekkia sine verdsarvstader, ikkje langt frå Dresden og grensa til Tyskland. Regionen har hatt gruvedrift i ei eller anna form sidan middelalderen. Første stopp var Tjekkias største dagbrudd for brunkol, som er framleis i drift og som forsyner landet med 60% av energien dei treng. Museumsdirektøren ved Most bymuseum fortalte om samarbeidet med gruvekompaniet for å dokumentera og ta vare på den unike gruveteknologien og ‑kulturen i området, i tillegg til å bidra til at nedlagte gruveområde blir tilbakeført og revitalisert på ein måte som tek vare på både natur og menneske.

Dagbruddet utenfor Most er fortsatt i full drift. Den planlagte utfasinga i 2035 er utsett på bestemt tid grunna krigen i Ukraina og energikrisen i Europa
Dagbruddet utenfor Most er fortsatt i full drift. Den planlagte utfasinga i 2035 er utsett på bestemt tid grunna krigen i Ukraina og energikrisen i Europa

Arrangørane hadde gjort eit interessant grep ved å leggja neste stopp (og pust i bakken) ved eit tidlegare dagbrudd, som vart lagt ned i 2001 og som hadde blitt systematisk tilbakeført til eit rekreasjonsområde med innsjø og grøn og frodig vegetasjon. Det har heilt tydeleg blitt ein populær stad for å dra på utflukt, både for lokalbefolkninga og meir langvegsfarande. Det gjev håp for framtida å sjå og høyra at det er mogleg å føra område som har vore utsette for omfattande menneskelege inngrep attende til naturen og berekraftig bruk.

Det rehabiliterte rekreasjonsområdet tjue år etter gruva vart lagt ned
Det rehabiliterte rekreasjonsområdet tjue år etter gruva vart lagt ned

I bymuseet i Usti fekk vi omvisning og innblikk i arbeidet med utstillingar som til dømes handla om den svært komplekse politiske og sosiale historia og kjenslevare tilhøvet mellom dei tidlegare tyske delane av Tsjekkia og resten av landet. Dette er museumstematikk som er høgst relevant òg i andre delar i verda, inkludert i Norge, og erfaringane frå museet i Usti vil vera verdifulle for andre som arbeider med historiske minoritetar og ømtolig identitetspoltikk av ulike slag.

Årets ICOM-konferanse i Praha var i det store og heile svært godt organisert og både fagleg og sosialt utbyterik. Eg vil gjerne få takka Norsk ICOM for reisestøtta!

Legg igjen en kommentar