Kjære alle saman, den 11. mars i år døydde vår museumskollega Per Bjørn Rekdal, 79 år gammel. Per fikk eit langt og rikt liv som antropolog og museumsmenneske.
Per har vore ein uvurderleg støttespelar for ICOM Norge gjennom alle år. Hans unike oversyn og kritiske blikk på praksisar, kombinert med skarpe refleksjonar og ein nøktern framgangsmåte for å vidareutvikle det museale fellesskapet på ein ryddig og korrekt måte, har satt eit varig preg på vår organisasjon.
Pers sterke internasjonale engasjement resulterte i mange tillitsverv innan International Council of Museums. I ei årrekke satt han i ICOMs øvste styre. Seinare vart han ofte kalla til Paris for å bidra til å løyse utfordringar i den mangslungne organisasjonen. Han vart utnevnt til æresmedlem i ICOM under generalkonferansen i 2019 i Kyoto. Grunngjevinga for kvifor Per vart forslått som æresmedlem vart vist på storskjerm i Kyoto og var imponerande lesing for alle i salen.
Han har hatt verv i ICOM for nærare 30 år, og mellom desse er Board member ICME 1992-1998, Chair, ICOM Norway (1996 – 1998), Chair, ICME (International Committee for Museums of Ethnography) (1998 – 2004), Member of ICTF (International Committees Task Force)(2001 – 2004), Representative for ICOM in the Board of AFRICOM (2005 – 2006), Chair, Working Group on Regional Alliances and regional Affiliated Organisations (2007 – 2011), Member of the Executive Council (2004 – 2010), Chair, Working Group on Governance (2013-2016/17) og Member, Working Group on International Committees (2017-2019). Vi kan også føye til at han tok initiativet til etableringa av ein ny internasjonal komité om etiske dilemma i 2017 etter kvart også samann med Kathrin Pabst, som 2. initiativtakar. Komitéen International Committee on Ethical Dilemmas (IC Ethics) vart godkjent i september 2019.
I tillegg til verv vart tidlegare jobbposisjonar, museumsprosjekt og publikasjonar vektlagt. Mellom mykje anna kan nemnast at
- han m.a. har arbeidd i Riksgalleriet og Museet for samtidskunst. Fra 1990 til 1999 var han leiar for Universitetets etnografiske museum, seinare leiar for utstillings- og publikumsavdelinga ved Kulturhistorisk museum. I 1995 var han kurator/forfattar for utstillinga «Om krigens skjønnhet eller den vakre volden», ei utstilling som fikk stor merksemd.
- han har vore styreleiar for Landslaget kunst i skolen og var kurator/forfattar for jubileumsutstillingen «Selv når du gjerder inn din lille flik av jorden, blir markene vannet av regn fra fremmede land og varmet av solen fra det uendelige universet» (1998).
- han var den første som ga ut ei bok om museumsformidling i det kulturelt mangfoldige Norge med «Norsk museumsformidling og den flerkulturelle utfordringen» (norsk utg 1999, eng. 2001) og artikkelen «Fremstillinger av de andre og en selv – hvem bestemmer innholdet» fra 2003 (i «Museer i fortid og nåtid»)
- eitt av hans siste prosjekt var å vera intiativtakar, medredaktør og artikkelforfattar for artikkelsamlinga «Museums and Truth» frå 2014. Boka er på mange måtar ein slags internasjonal oppfølging av «BRUDD»-prosjektet, som Per ofte har gitt uttrykk for har gitt ham stor glede. Hans artikkel i «BRUDD» fra 2006 leker seg i både tittel og innhold med Sergio Leone’s «The Good, the Bad and the Ugly», som Per kalte «Det sanne, det vanskelige og det kritiske».
- han skrev i 1969/72 sin magisteravhandling om turisme og oppfatningen av det typisk «afrikanske» ved Victoriafalla i Zambia. Hans draum til det siste var faktisk å trekkje opp linene frå då til no.
Utnemninga av æresmedlemer i ICOM skjer ikkje ofte og stemninga i salen i Kyoto, sjølve presentasjon av kandidatane, avstemminga, overrekkelse av diplom og takketalen frå dei nyutnemnde æresmedlemane, var inntrykksfulle og lærerike å oppleve for alle som var tilstades. Likevel trur vi at kun få forstod der og då kor sjeldent slike utnemningar skjer, og kor få æresmedlemer som fins. Norsk ICOM er stolt av at eit av våre medlemer har fått dette høgthengande æresbeviset.
Gjennom sitt verdifulle innblikk i den internasjonale ICOM-administrasjonen har Per ikkje berre styrka vår faglege tilnærming, men også inspirert oss til stadig forbetring. Han vil bli djupt sakna, som samtalepartnar og museumsfagleg mentor. ICOM Norge minnes Per i glede og takksemd.
Styret i ICOM Norge