25th ICOM General Conference/ICR Annual Conference: «Regional museums encouraging sustainable use of cultural and natural heritage».
Roy Høibo, Ryfylkemuseet
ICR hadde lagt sitt «Off-site meeting» til Osaka på den femte dagen til generalkonferansen. Det blei eit møte med ein museumside som hadde si blømingstid her i landet for 40 år sidan, men som det seinare er blitt stillare omkring. I Osaka, derimot, levde ideen i beste velgåande. Presentasjonen av museet passa godt inn i det overordna temaet for generalkonferansen: «Museums as Cultural Hubs: The Future of Tradition».
Dei kalla det Hirano «Machigurumi» Museum eller Hirano Community-wide Museum etter bydelen Hirano som vi forsto er gamlebyen, «oldest township» i Osaka. Kanskje kan ein oversetta det til eit nabolagsmuseum, men dei snakka og om «Town Museum» sjølv om det er vanskeleg å assosiere det med eit ordinært bymuseum. Sentrum i museet var Dainenbutsu-ji, eit tempelkompleks midt i bydelen med bygg for kulturhusfunksjonar, og det var øvste presten ved eit anna tempel, Ryonin Kawaguchi ved Senkoji tempel som representerte og presenterte museet som «koordinator». Og templa var sjølvsagt nokså synlege element i bydelen, og viktige arenaer for mange aktivitetar, men det var ikkje det som var det viktigaste. Det sentrale i museumsideen var dei mange verkstadane, forretningane, privathusa og andre stasjonar som fall inn under museumsparaplyen.